Sanatoriumskjelda

Leni Aardal Venes

Sanatoriumskjelda
Helse og velværeturismen er ei veksande næring, driven av eit aukande ynskje om avslappande opplevingar i ein travel kvardag. Ved å reise 500 meter over havet til eit hotell med fokus på frisk luft, avkopling, spa, velvære og lokale råvarer, får ein ei un ik oppleving. Hotellet, som er restaurert frå eit tidlegare sanatorium, bruker naturmaterialer som aktiverer sansane og skaper ei kjensle av tryggheit og varme. Interiøret er designa for å oppmuntre til tilpassing og komfort, med ein organisk og poetisk sti l som opplevast som sunn og tiltalande. Konseptet bygger på nøkkelord som lokalt, poetisk, rekreasjon og unikheit, og legg vekt på ei harmonisk, roleg og varm atmosfære. Miljøet skal vere innbydande, avslappande og nært knytt til naturen, noko som gjer de t nye Luster Sanatorium til eit idyllisk og fredeleg reisemål for gjester som søkjer ro og naturopplevingar.